Free Streaming Asian odds statistics Partners Top50

WOULD YOU LIKE TO WIN MORE?

Sign up for the VIP Picks from Oddsfather

 

Oppsummering av helgens Championship 1-2 oktober
Written by oddsfather    Sunday, 02 October 2011 18:45    PDF Print E-mail

 

Kun Middlesbrough har sluppet inn mindre mål enn Barnsley, kanskje ikkje tilfeldig at begge lag vert leia av tidlegare forsvarsspelarar...? Keith Hill har i alle fall gjort ein bra jobb etter at Barnsley henta han frå Rochdale. Ny smoltring her, og i tillegg putta dei to baller i Coventry sitt nett. Andy Gray (nei, ikkje den Andy Gray) scora begge, og Barnsley er no fem poeng frå nedrykksplass. Og den 22. plassen er det Coventry som har. Dei var direkte svake i den kampen eg såg dei live mot Ipswich, og om ikkje ein del skjer i den klubben snart så vert det fort League One-fotball. Og det er ein litt trist tanke.

 

Blackpool har hatt ein grei overgang til Championship-fotball, mykje takka vera Kevin Phillips som jo er ein fotballgud på dette nivået. Mot Bristol City kom han ikkje på scoringslista, men andre tok ansvar. Gary Taylor-Fletcher, innlånte Jonjo Shelvey (som kjem til å vera kjempegod for Blackpool, og kanskje seinare for eit anna 'pool), Daniel Bogdanovic (x2) og Brett Ormerod putta alle ballen i mål. Shelvey sitt mål var eit fantastisk langskot, litt av ein debut. Målet til Taylor-Fletcher kom på ein retur frå ei liknande bombe frå Shelvey. Blackpool ligg rett bak play-off no. Bristol City, derimot, ligg på sisteplass. Keith Millen prøvde å putte David James på benken i denne kampen, og starta med Dean Gerken i mål. Det fungerte ikkje. I det heile tatt er det lite som fungerer for Bristol City og Keith Millen no, og eg føler dessverre at det ser litt ut som om Millen bør skiftast ut. Sean O'Driscoll er potensielt ledig (om ting vert ordna opp med Doncaster der), og det finst i tillegg spennande managere lenger nede i divisjonane. Eg trur ikkje Keith Millen er det beste for Bristol City. Ein veldig fin fyr, vanskeleg å mislike, men... Kanskje Dave Jones kunne vore noko? Eller Mark Robins, som definitivt har det riktige namnet for å vera manager for The Robins?


West Ham er ubeseira på bortebane, og det fortsatte også etter kampen på Selhurst Park mot Crystal Palace. Før pause var målfarlege midtbanespelarar stikkordet, med mål for Ambrose og Nolan. Etter pause vart det òg eitt mål til kvart av laga, ved Murray (som kom til Palace frå erkerival Brighton) og Carew. Bra heading av Alieu, for øvrig. Hammers to poeng frå direkte opprykksplass, noko som jo bør vera det dei sikter mot. Difor gidder me ikkje å sjå oss tilbake. Med Crystal Palace må me nesten gjere det, sjølv om dei akkurat no er nærare toppen. Dei pleier å havne i nedryksstriden. Men med sju poeng ned allereie så har dette vore ein veldig god sesongstart av Eagles, som framstår meir solid enn tidlegare. Klubblegenden Dougie Freedman ser ut til å gjere ein bra jobb der. Liker intervjua med han etter kamp, forresten. Tre poeng opp til sjetteplassen, men eg trur eit meir realistisk mål kan vera å unngå alt som heiter nedryksstrid, gjerne komme på øvre halvdel. Å rykke opp er noko urealistisk, sjølv om alt kan skje i denne divisjonen.

 


Eg hadde trua på ein betre sesong for Hull i år, sidan eg er ein fan av Nigel Pearson som manager. Det er tydelegvis Ferguson òg, sidan han låner ut mykje spelarane til dei klubbane der Pearson er. For øyeblikket har me Robbie Brady utplassert på KC Stadium, og han har vore ein viktig bidragsytar i den fine sesongstarten for tigrane. Det var han mot Cardiff òg, med målgivande til det avgjerande målet, som for øvrig vart scora av veteran Nick Barmby. Hull opp på sjetteplass og play-off med denne sigeren. Cardiff ligg rett bak. Ikkje så verst, med tanke på at det vart ein del omrokkeringar før denne sesongen. Synd for dei at Kenny Miller fekk seg ein smell, og måtte ut, men moro med det vakre målet til 17-årige Joe Ralls (som kom inn for Miller) i ligadebuten.


Cardiff heng med, å tape borte mot Hull er ingen skandale akkurat.
Eg spådde at Ipswich kunne få ein god sesong før det heile vart sparka i gang, og eg må innrømme at eg har blitt litt skuffa. Eg var på Portman Road då Ipswich møtte Coventry den 19. september, og då kom optimismen min på traktorgutta sine vegne tilbake. Dei var veldig, veldig gode. Kampen deira denne helga mot Brighton vart nok ein god kamp for dei blå, som vann 3-1. To mål av Chopra, som bomma på ein del kjempesjansar mot Coventry. Om han fortsetter å score, kan dette bli ganske bra. Men det blir definitivt ikkje direkte opprykk. Play-off er ein moglegheit. Eitt poeng bak no, etter 10 poeng av 12 moglege dei siste fire kampane. Brighton har fått det litt tøffare no etter ein god start, og det er fire kampar på rad no at dei ikkje har vunne. Der Ipswich har vunne tre av fire, har Seagulls tapt 3 av 4, inkludert mot erkerival Crystal Palace heime på Falmers (første ligatap på sin nye stadion). Eg hadde bra tru på Brighton i utgangspunktet i år, og dei har gjort nokre bra kjøp (apropos det: Vicente scora mot Ipswich, eit fantastisk mål for øvrig). Men det eg ser for meg at vil hindre dei i å gjere det like godt som til dømes Southampton er at dei måtte selje enkelte nøkkelspelarar.


Bennett til Norwich og Murray til Crystal Palace var ikkje veldig positivt for dei, spesielt ikkje den førstnemnte overgangen. Med desse spelarane i tillegg til dei nyankomne, så ville det blitt veldig, veldig bra. Men det blir interessant å sjå framover. Verkar som om dei har ganske solid økonomi, så interessant å sjå om dei styrkar seg i januar. Eg trur det trengst om dei skal gå opp. Men om dei etablerer seg i toppen av Championship så er det veldig bra av dette Brighton-laget. Ligg stadig på play-off.

 


Leeds er på veg oppover tabellen etter ein svak start. Tre poeng bak play-off, og Leeds har attpåtil ein hengekamp, mot Birmingham. Vanskeleg å spå Leeds i år. Eg trur dei vil gjere ein grei sesong, men dei slår meg ikkje som eit opprykkslag heller. Men dei kan potensielt klare play-off om dei får flyten. Ein forsterkning eller to i januar ville ikkje vore dumt heller. Pompey er på nedre halvdel, med to poeng ned til nedrykksplass, og kamp om opprykk verkar fjernt. Portsmouth er ikkje lenger det beste laget på sørkysten.


Mellom Millwall og Burnley vart det 0-1 på The New Den, og Burnley fekk dermed ikkje noko tilbakeslag etter 5-1-seieren over Nottingham Forest. Eddie Howe er ein superspennande manager, så godt at han har begynt å snu det. Jay Rodriguez scora målet som gjorde at Clarets no har fem poeng til både play-off og nedrykksplass - med hengekamp. Millwall har havna på nedrykksplass. Bekymringsfullt, sidan dei ser ut som eit av dei svakaste laga der nede. Eg har truffe ganske bra med tipsa mine for denne sesongen foreløpig, og eit tilbakeslag for Millwall var ein ting eg følte meg trygg på. Men dei ser ufatteleg svake ut...


Peterborough har imponert stort hittil i sesongen, sjølv utan storscoraren Craig Mackail-Smith som gjekk til Brighton før sesongen. Men dei imponerte definitivt ikkje mot Doncaster. Dean Saunders har skandaløst nok komme inn for Sean O'Driscoll (sorry Saunders, eg er ein fan av O'Driscoll), og no på kort sikt har det hatt ein effekt, om ikkje anna. Skuffande av Posh å tape på heimebane, forsvarsspelet er ikkje all verden der. Dei var uheldige òg, må det seiast. Doncaster skulle visstnok ha vore redusert til ti mann, og heimelaget hadde fleire stolpetreff. Fire poeng opp til play-off, seks poeng ned til nedrykksplass. Doncaster har karra seg over streken.


Middlesbrough er stadig ubeseira denne sesongen etter 0-0 borte mot Reading. Deira tredje 0-0-resultat på rad, for øvrig. Sjølv om formtrenden ikkje nødvendigvis er så god slik sett, så ligg Boro på andreplass. Godt å sjå dei i toppen. Dette var forresten deira første poengtap på bortebane i år. Det er på heimebane dei må bli betre. Reading hadde ein fæl periode i starten av sesongen. Har no komme seg opp i ingenmannsland, med fem poeng både til sjetteplassen og til 22. plassen. Mistenker at dei ender opp i ein slik type posisjon til slutt òg.
Er det nokon på kloden som tek herlegare straffespark enn Rickie Lambert? 1-0 og 2-0 for Southampton kom på straffespark, og begge vart banka knallhardt inn i hjørnet. Ganske lågt. Plasseringsmessig på ingen måte umogleg for keeperen å ta dei om det er svakt, men han knaller dei jo inn slik at ein må ta i bruk reprise for å i det heile tatt sjå ballen. Keeperane rekk knapt å reagere før ballen ligg der. Southampton tilbake på vinnarsporet med denne solide sigeren, moro med Southampton sine prestasjoner. Ikkje at det er uventa. Eg har ingen grunn til å føle meg stolt over å ha tippa at både Southampton og Brighton fort kunne bli årets Norwich. Adkins har gjort ein veldig god jobb i Southampton, og dei framstår som ein av dei store, store opprykksfavorittane. Men det er lag bak med ein betre tropp, det er det ikkje tvil om, så dei må oppretthalde dei gode prestasjonane. Dette blir eit bikkjeslagsmål! Dei har nokre poeng ned til fleire av konkurrentane, utan at det er luke, men tenk kor viktig det til dømes kan vera at dei har seks poeng ned til Leicester allereie. Watford har for øvrig vore omtrent som forventa hittil denne sesongen. Har ikkje fått sett dei i ein full kamp, så kan ikkje uttala meg slik sett, men resultata er OK. Det blir neppe øvre halvdel, for å seie det slik, men eg hadde kanskje før sesongen trudd at dei skulle slite endå litt meir i starten.


Det vart eit 4-0-resultat i Leicester òg, mot Derby. Sånn går det når Derby plasserer Adam Legzdins, ein keeper eg har stor sansen for etter å ha sett han både for Burton Albion i fjor, og mot Forest for nokre veker sidan, på benken. Til deira forsvar, så er Frank Fielding ein bra keeper, sjølv om eg føretrekk Legzdins. Begge fortener å spele fast, ærleg talt. Uansett, her var Leicester rett og slett berre betre. Mykje som klaffa for Leicester, revene viste kvifor dei er ein av opprykksfavorittane. Laget deira er rett og slett veldig godt. Kun eitt poeng bak play-off no. Derby er derimot kun eitt poeng frå direkte opprykksplass. Det held neppe. Derby har ikkje eit mannskap som held til opprykk, i så fall er det ein vanvittig prestasjon av Nigel Clough. Dei kjemper hardt for kvarandre, men det vert nok litt for grått over ein heil sesong. Men øvre halvdel burde fint gå an.


I Nottingham verka det som om folk ville ha ut McClaren då eg var der dagen før United-Chelsea, og no går rykta om at han forsvinn ut etter 1-3-tap heime mot Birmingham. Forest skal ha vore ganske gode heilt fram til dei fekk det første baklengsmålet mot seg, då gjekk det galt. Ishmael Miller scora, han har imponert meg i Forest faktisk. Verka som ein fyr med mykje ferdigheiter og lite hjerne før, under McClaren har han faktisk vore ganske bra. Men alt i alt har Forest underprestert kraftig, og ligg rett over nedrykksstreken. McClaren kan forsvinne i løpet av kvelden. Kven skal ta over? Martin O'Neill er nok draumen til ein del Forest-supportarar, han har jo spelt i klubben. Men er det ein attraktiv nok jobb for MON, mon tru? Curbishley er ein annan mann som har gått arbeidsledig ei stund no, men slit litt med å sjå det for meg. O'Driscoll ein interessant mann om ting mellom han og Doncaster er løyst. Elles er det folk i jobb lenger nede i divisjonane som sikkert kan vera interessante. Spennande å sjå både i Forest og i Bristol City no framover på managersida. To klubber eg har besøkt og likt, og som eg unner suksess. Men eg liker begge managerane òg. Birmingham seks poeng bak play-off med to kampar mindre spelt. Fire poeng ned til nedrykksplass. Forest har kun eitt poeng ned til Coventry

 

 

 

 

Resultater

Barnsley 2 - 0 Coventry C.
Blackpool 5 - 0 Bristol C.
Crystal Palace 2 - 2 West Ham U.
Hull C. 2 - 1 Cardiff C.
Ipswich T. 3 - 1 Brighton & Hove A.
Leeds U. 1 - 0 Portsmouth
Millwall 0 - 1 Burnley
Peterborough U. 1 - 2 Doncaster R.
Reading 0 - 0 Middlesbrough
Southampton 4 - 0 Watford
Leicester C. 4 - 0 Derby County
Nottingham F. 1 - 3 Birmingham C.


Tabell

1 Southampton 10 13 22
2 Middlesbrough 10 8 20

3 Derby 10 3 19
4 West Ham 10 8 18
5 Brighton 10 2 17
6 Hull 10 0 17

7 Blackpool 10 7 16
8 Leicester 10 4 16
9 Cardiff 10 3 16
10 Ipswich 10 -2 16
11 Leeds 9 2 14
12 Crystal Palace 10 2 14
13 Peterborough 10 3 13
14 Burnley 9 1 12
15 Reading 10 0 12
16 Barnsley 10 0 12
17 Birmingham 8 0 11
18 Watford 10 -7 10
19 Portsmouth 10 -3 9
20 Doncaster 10 -8 8
21 Nott'm Forest 10 -11 8
22 Coventry 10 -6 7
23 Millwall 10 -7 7
24 Bristol City 10 -12 6

 

Hentet fra : http://stretfordenders.blogspot.com

 

 

Last Updated ( Sunday, 02 October 2011 22:24 )
 
Alders grense 18+Top 50 Betting Sites - Oddsfather