Posted by: oddsfather
in Football Talk on Oct 02, 2011
Kun Middlesbrough har sluppet inn mindre mål enn Barnsley, kanskje ikkje tilfeldig at begge lag vert leia av tidlegare forsvarsspelarar...? Keith Hill har i alle fall gjort ein bra jobb etter at Barnsley henta han frå Rochdale. Ny smoltring her, og i tillegg putta dei to baller i Coventry sitt nett. Andy Gray (nei, ikkje den Andy Gray) scora begge, og Barnsley er no fem poeng frå nedrykksplass. Og den 22. plassen er det Coventry som har. Dei var direkte svake i den kampen eg såg dei live mot Ipswich, og om ikkje ein del skjer i den klubben snart så vert det fort League One-fotball. Og det er ein litt trist tanke.
Blackpool har hatt ein grei overgang til Championship-fotball, mykje takka vera Kevin Phillips som jo er ein fotballgud på dette nivået. Mot Bristol City kom han ikkje på scoringslista, men andre tok ansvar. Gary Taylor-Fletcher, innlånte Jonjo Shelvey (som kjem til å vera kjempegod for Blackpool, og kanskje seinare for eit anna 'pool), Daniel Bogdanovic (x2) og Brett Ormerod putta alle ballen i mål. Shelvey sitt mål var eit fantastisk langskot, litt av ein debut. Målet til Taylor-Fletcher kom på ein retur frå ei liknande bombe frå Shelvey. Blackpool ligg rett bak play-off no. Bristol City, derimot, ligg på sisteplass. Keith Millen prøvde å putte David James på benken i denne kampen, og starta med Dean Gerken i mål. Det fungerte ikkje. I det heile tatt er det lite som fungerer for Bristol City og Keith Millen no, og eg føler dessverre at det ser litt ut som om Millen bør skiftast ut. Sean O'Driscoll er potensielt ledig (om ting vert ordna opp med Doncaster der), og det finst i tillegg spennande managere lenger nede i divisjonane. Eg trur ikkje Keith Millen er det beste for Bristol City. Ein veldig fin fyr, vanskeleg å mislike, men... Kanskje Dave Jones kunne vore noko? Eller Mark Robins, som definitivt har det riktige namnet for å vera manager for The Robins?
West Ham er ubeseira på bortebane, og det fortsatte også etter kampen på Selhurst Park mot Crystal Palace. Før pause var målfarlege midtbanespelarar stikkordet, med mål for Ambrose og Nolan. Etter pause vart det òg eitt mål til kvart av laga, ved Murray (som kom til Palace frå erkerival Brighton) og Carew. Bra heading av Alieu, for øvrig. Hammers to poeng frå direkte opprykksplass, noko som jo bør vera det dei sikter mot. Difor gidder me ikkje å sjå oss tilbake. Med Crystal Palace må me nesten gjere det, sjølv om dei akkurat no er nærare toppen. Dei pleier å havne i nedryksstriden. Men med sju poeng ned allereie så har dette vore ein veldig god sesongstart av Eagles, som framstår meir solid enn tidlegare. Klubblegenden Dougie Freedman ser ut til å gjere ein bra jobb der. Liker intervjua med han etter kamp, forresten. Tre poeng opp til sjetteplassen, men eg trur eit meir realistisk mål kan vera å unngå alt som heiter nedryksstrid, gjerne komme på øvre halvdel. Å rykke opp er noko urealistisk, sjølv om alt kan skje i denne divisjonen.